Men ein dag blei det stille i naustet, og Jonas var ikkje å se. Etter nokre dagar tok dei seg inn hos Jonas. Dei fann han i naustet. Han hadde lagt seg i den mest forseggjorte kista nokon nokonsinne hadde sett. Der hadde kroppen hans endeleg funne ro...
mandag 7. oktober 2013
"Naustet"
Jonas flytta til bygda i godt vaksen alder. Kor han kom frå og korleis liv han hadde levd var det ingen som visste. Det einaste han nemde nokon gongar var at han sov dårleg. Han hadde slik uro i kroppen. Men om han ikkje sa så mykje, så høyrde dei han desto meir. Det var stadig hamring og saging i det gamle naustet. Men det var ingen som visste kva han snekra.
Men ein dag blei det stille i naustet, og Jonas var ikkje å se. Etter nokre dagar tok dei seg inn hos Jonas. Dei fann han i naustet. Han hadde lagt seg i den mest forseggjorte kista nokon nokonsinne hadde sett. Der hadde kroppen hans endeleg funne ro...
Men ein dag blei det stille i naustet, og Jonas var ikkje å se. Etter nokre dagar tok dei seg inn hos Jonas. Dei fann han i naustet. Han hadde lagt seg i den mest forseggjorte kista nokon nokonsinne hadde sett. Der hadde kroppen hans endeleg funne ro...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Før i tida hadde folk ute ved kysten alltid furubord til likkiste ligggande på naustbetane.
SvarSlettMen ein som ikkje hadde, omkom brått.
Dei prøvde å låne kistebord av grannen, men han stussa litt før han sa nei: "Best som eg gjeng her, ligg eg der. Og har eg ikkje kistebord, då stend eg der!"