Ved eit Guds under gikk det bra også no, vogga holdt. Men når barnebarnet blei vaksen, og også ho begynte å snakke om at den vogga skulle hennar barn ha, bestemte Gerda seg for å ta affære. Den vogga skulle bort. Det hadde gått bra to gonger, men det kom ikkje til å gå bra ein tredje. Det var ho viss om. Gerda var gamal no, og vogga var tung. Men på eit forunderleg vis klarte ho å buksere vogga bort til bilen neste kveld når ingen såg. Den skulle på søppelfyllinga.
Dei fann ho neste morgon ved søppelfyllinga. Den gamle kroppen, og eit svakt hjarte, hadde ikkje tålt belastninga. Ho låg på ryggen med vogga over seg, men med eit smil om munnen. Det siste ho hadde tenkt før det svartna førr ho, var at ho hadde lyktes. Den vogga skulle ikkje få ta noko liv....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar