fredag 11. oktober 2013

"Titan"

Den gamle båten Jakob arva, var mest som eit vrak å rekne. Den var lekk, den låg lågt i vatnet, og den var tungmanøvrert. Når han hadde litt fisk i lasta, så tok båten nesten inn vatn over rekka. Motoren var heller ikkje noko å skryte av. Saktegående, og trengte stadig vekk reparasjon. Det var rett og slett eit slit å bruke båten, og han måtte være 100% skjerpa når han var ombord for å holde båten flytande og seg sjølv i livet. Han frykta at båtvraket ville bli hans bane.

Draumen var ein ny, moderne båt, men inntekta var låg, og utgiftane mange. Det var ikkje realistisk. Men plutseleg tok livet ei overraskande vending. Ein lottokupong han hadde levert, ga full uttelling. Fleire millionar inn på konto. Det var ikkje mykje tvil om kva dei pengane skulle gå til.

Nybåten var fin. Den hadde alt som tenkast kan av utstyr. Radar, ekkolodd, autopilot og alt tenkeleg sikkerhetsutstyr. Og motoren var sterk og driftssikker. Endelig skulle han kunne ferdast trygt på havet. Båten fikk navnet Titan.

Jomfruturen var i maksvær. Jakob sette kursen mot åpent farvann, sette på autopiloten, og gjekk inn i lugaren for å kvile litt på brisken.

Dei fann båten knust mot ei klippe. Jakob fann dei inne i lugaren, liggande livlaus på brisken. Etter alle desse slitsomme åra på den gamle usikre båten, skulle han berre slappe litt av....






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar