Emma var blitt gammel, men ho hadde ikkje tenkt å legge seg og døy ennå. Ho klarte seg godt i eige hus. Heimehjelpen kom kvar dag og hjalp ho med mat, medisiner og litt reinhold, men ellers klarte ho seg sjølv. Men det var ein ting som uroa ho. Ho høyrde stadig vekk kravling, tassing, og smattelydar på natta. Ho var sikker på at ho hadde mus i huset.
Mannen hennar, som hadde vore dau i mange år, hadde vore dyrlege. Ho visste at det sto noko gift i ei flaske bakerst i boden fra den tida. Han hadde sagt at ho måtte passe seg for den. Gifta var sterk nok til å drepe ein okse. No fann ho frem den flaska, tok dei to eplane i fruktfatet, og smurte dei godt inn. Det var ingen som åt dei eplane uansett. Heimehjelpen hadde aldri tid, og sjølv hadde ho ikkje tenner for den slags mat. Men ho hadde alltid ferske epler i skåla. Dei tok seg så fint ut. Ho la dei forgifta eplane på golvet før ho la seg, og den natta sov ho godt.
Neste morgon skulle ho samle inn daue mus. Men det einaste ho fann når ho vakna, var eplane som låg akkurat der ho hadde lagt dei, like heile. Ho la dei tilbake i fruktfatet. Ho ville at det skulle være ryddig når den travle heimehjelpen kom. Så la ho seg nedpå for å kvile litt. Ho våkna brått av at nokon ropte navnet hennar. Det var heimehjelpen. "I dag har eg betre tid og kan ta ein kopp kaffe med deg", sa han. Ho kom seg opp, og der sat han i godstolen. Han sat og gnog på eit eple fra fruktskåla hennar....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar