torsdag 31. oktober 2013

"Allehelgensaftan"

Signe var gammel og sjuk. Ho hadde høgt blodtrykk og dårleg hjerte. Dei siste dagane hadde ho gått tom for medisin, men det var så glatt ute at det var uråd å komme seg til apoteket. Men ho visste råd for det, for i morgon var det 1. november, og då skulle Magnar, guten hennar, komme heim.

Magnar var eigentleg barnebarnet til Signe, men siden han mista begge foreldra mens han var liten, hadde han alltid bodd hos ho. No var han student i hovudstaden. Men endeleg skulle han komme heim på helgebesøk igjen. Og han han hadde tenkt å overraske ho mor. Han skulle komme heim kvelden før han hadde sagt. Og då var det allehelgensaftan, skremmekvelden.

Magnar hadde kledt seg ut som mannen med ljåen då han ringte på døra heime. Men dårleg hjerte, manglande medisin, og mannen med ljåen, er ingen god kombinasjon.

Magnar hadde for så vidt alltid vært plaga med å komme for tidlig, men det hadde aldri fått så fatale følger før....






torsdag 24. oktober 2013

"Øret"

Ivar var uten hørsel på høgre øre. Det gjorde at han blei ganske usosial. Ikkje var han noko skolelys heller. Han lærde aldri å lese og skrive. Som voksen ende han etter kvart opp som uføretrygda.

Han sat stort sett åleine i huset, og hadde ikkje mange interesser. Men han var svært interessert i kunst, og då særleg Edvard Munch.

Den interessen gjekk til slutt bokstaveleg talt til hodet på Ivar. Han meinte han ein gong hadde fått fortalt at Munch skar av seg venstre øre når han var 35 år gammel. På 35-års dagen sin bestemde difor Ivar seg for å kopiere Munch. Han fann eit av dei kvassaste barberblada han hadde, og skar i vei.

Det var dei som seinare prøvde å fortelje Ivar at det ikkje var Munch som hadde lemlesta seg på denne måten, men heldigvis for Ivar, talde dei for døve ører....



onsdag 23. oktober 2013

"Pakken"

Holmen var nesten fraflytta. Berre to personer, Torvald og Jørgen, bodde ennå der. Dei var far og son. Einaste forbindelse med omverda var lokalbåten som var innom ein gong i veka. Nærmaste naboer bodde på naboøya, tjue minutt unna med båt. Der bodde blant anna gutens farmor.

Denne sommaren skulle Torvald dra på ein sterkt etterlengta ferie åleine. Jørgen skulle bo hos farmor på naboøya. Men ho visste ikkje når han skulle komme. Det skulle være ei overrasking. "Enn om vi sender meg med lokalbåten som ein pakke til farmor", sa Jørgen. "Ho kommer til å bli kjempeoverraska når ho får ein levende presang." "Det går ikkje", sa Torvald. "Eg må dra med båten vår før lokalbåten legg til kai for å rekke flyet i byen." "Du sett berre kassen på kaia, så bær mannskapet kassen om bord. Eg roper gjennom pakken og forklarer at eg skal til farmor som overrasking, sa Jørgen."

Og sånn blei det. Torvald fann ei kasse, Jørgen satte seg oppi, og Torvald festa lokket godt frå yttersida. Han lagde eit pustehol, og merka pakken med farmors navn. Så skyssa han kassen ut til kaia, tok farvel med Jørgen og dro med full fart til byen på fastlandet for å reise på ferie.

Men akkurat den veka fekk lokalbåten motorstopp. Han kom aldri ut frå kai i byen, og turen blei kansellert.

Neste veke fekk farmora til Jørgen ei tung kasse levert på døra. Ho blei, som planlagt,  kjempeoverraska, men det var ikkje lenger ein levende presang....





tirsdag 22. oktober 2013

"Skrapinga"

Den hersens skrapinga inni veggen plagar meg. Det som då virka som ein god ide, var kanskje ikkje så lurt likevel? Ho burde jo ikkje leve no 10 år etter?

Bjeffinga ga seg i alle fall etter at eg murte ho inne i veggen på tilbygget den dagen. Bikkja skjønte ikkje stort stakkar, der ho låg med beinet sitt mens veggen reiste seg rundt ho. Og heldigvis har ikkje naboen skaffa seg ny hund heller.

Sett i den samanheng er vel skrapinga til å leva med likevel....


 
 
 

mandag 21. oktober 2013

"Lykkepillene"

Det var først da ho høyrde kor høglydte musene var, og såg deira merkelege oppførsel, at ho skjønte at noko var galt. Ho måtte ved eit uhell ha bytta om glaset med rottegift og glaset med lykkepillene til mannen hennar når ho rydda i skapet.

Det forklarte jo også kvifor mannen hennar ikkje ville vakne ....










fredag 18. oktober 2013

"Eplet"


Emma var blitt gammel, men ho hadde ikkje tenkt å legge seg og døy ennå. Ho klarte seg godt i eige hus. Heimehjelpen kom kvar dag og hjalp ho med mat, medisiner og litt reinhold, men ellers klarte ho seg sjølv. Men det var ein ting som uroa ho. Ho høyrde stadig vekk kravling, tassing, og smattelydar på natta. Ho var sikker på at ho hadde mus i huset.

Mannen hennar, som hadde vore dau i mange år, hadde vore dyrlege. Ho visste at det sto noko gift i ei flaske bakerst i boden fra den tida. Han hadde sagt at ho måtte passe seg for den. Gifta var sterk nok til å drepe ein okse. No fann ho frem den flaska, tok dei to eplane i fruktfatet, og smurte dei godt inn. Det var ingen som åt dei eplane uansett. Heimehjelpen hadde aldri tid, og sjølv hadde ho ikkje tenner for den slags mat. Men ho hadde alltid ferske epler i skåla. Dei tok seg så fint ut. Ho la dei forgifta eplane på golvet før ho la seg, og den natta sov ho godt.

Neste morgon skulle ho samle inn daue mus. Men det einaste ho fann når ho vakna, var eplane som låg akkurat der ho hadde lagt dei, like heile. Ho la dei tilbake i fruktfatet. Ho ville at det skulle være ryddig når den travle heimehjelpen kom. Så la ho seg nedpå for å kvile litt. Ho våkna brått av at nokon ropte navnet hennar. Det var heimehjelpen. "I dag har eg betre tid og kan ta ein kopp kaffe med deg", sa han. Ho kom seg opp, og der sat han i godstolen. Han sat og gnog på eit eple fra fruktskåla hennar....


 
 
 

torsdag 17. oktober 2013

"Hule"

Dei sit atter aleine i det gamle huset. Han ser lenge på den eldgamle mora. Dei hule kinna hennar får han til å tenke på huleåpninga kor han la den ihelslåtte katta.

Han tenker at han burde hatt dårleg samvet, men har det ikkje. Katta hadde levd lenge nok, og gleda hos rottene var ikkje til å ta feil av, når dei begynte å ete på katteskrotten. Han ser igjen på mora. Ho minner i grunn litt om katta, slik katta var den siste tida før han lot ho sleppe å leve meir....





onsdag 16. oktober 2013

"Foten"

June og Maja var naboar. Det hadde dei vore heile livet. Dei hadde vokse opp saman, og hengt saman som erteris gjennom heile oppveksten. Dei forelska seg alltid i dei same gutane, men gutane var berre interessert i Maja. Dette var tungt for June, men ho var ei lojal venninne. Så når Maja skulle etablere seg i eige hus med mannen i sitt liv, (som også June beundra), blei dei einig om å bygge eit rekkehus saman.

June sakna ein mann. Men mens Maja alltid hadde kunnet velge og vrake, var det ingen som viste interesse for ho. Men ein dag skjedde det noko som skulle snu opp ned på livet hennar. Ho vrikka foten, og skada kneet. Det var ikkje alvorleg, men ho måtte gå med krykker ein periode, sa legen. No var det plutseleg ikkje måte på oppmerksamheit og få. Ho blei hjelpt opp trapper og over terskler av kjekke menn heile tida. Når foten så blei god, la ho ikkje krykkene bort. Ho fortalde folk at skaden var kronisk. Ho hadde det fint no, og ville ikkje miste oppmerksamheita ho fekk heile tida.

Etter ei stund var det ein av mennene, Stian-Andrè, som også begynte å kome heim til ho. Han var ven med Majas mann, så dei kunne bli eit fint firkløver. "Treng du noko hjelp i dag", pleide han si, mens han hadde med godsaker og middag. Ho blei kjær i han, og ho følte at han også var kjær i ho. Ein kveld dei satt på sofaen og prata, sa han: "Synd at du har den skaden i foten. Eg skulle så gjerne hatt deg med på fjelltur."

Det var ingenting June ville meir enn å dra på fjelltur med Stian-Andrè. Men korleis skulle ho kome seg ut av floka. Ho hadde jo sagt at skaden var kronisk. I det stille begynte ho å trene. Ho kjøpte tredemølle som ho satte i det blå rommet i kjelleren. Dit var det ingen som kom. Ho skulle trene opp foten, så skulle ho finne ei god forklaring til Stian-Andrè.

Ein dag June var og trente på tredemølla, kom Stian-Andrè på overraskingsbesøk. June høyrde ikkje at han kom, men han høyrde ho i kjelleren. "I alle dagar", tenkte han, "korleis har ho klart å kome seg ned dit på eigen hånd?" Da han kom ned og såg June på tredemølla, blei han rasande. Ho hadde god fart på mølla, og han såg at ho ikkje hadde nokon skade i foten. Ho hadde lurt han! Han snudde seg og gikk rasende og skuffa opp trappa. June skulle til å springe etter, men da trødde ho feil. Smerta jog gjennom kroppen, og ho høyrte at noko rauk i kneet. "Au, hjelp, kneet mitt", ropte ho. "Ja, særlig", mumla Stian-Andrè i det han forlot huset for siste gang...





søndag 13. oktober 2013

Stemmelaus

Nanna og Ivar hadde vore saman nesten heile livet. Dei leikte i lag som born, hadde hemmeligheitar i lag som ungdom, og gifta seg som unge vaksne. Dei flytta etter kvart til ein avsidesliggande gard, og hadde bodd der sia. Men idyllen var for lengst brutt. Nanna utvikla seg til å bli nærmast ei heks. Uansett kva Ivar sa, så var det feil. Tala han mot ho, så blei ho rasande, og var han einig med ho, så var også det feil. Livet blei etter kvart uutholdeleg. Til slutt orka ikkje Ivar meir. Han bestemte seg for å slutte å snakke.

No hadde han ikkje sagt eit ord på 10 år. På folkemunne blei han berre kalt tause-Ivar. Nanna var fornøyd. Ho hadde fått det som ho ville.

Ein dag Nanna og Ivar var og såg etter sauane i marka, satte Nanna foten fast i ei ur. Same kor ho sleit, kom ho ikkje laus. Du må ringe etter hjelp Ivar, ba ho. Ivar tok telefonen, men frå munnen hans kom det ikkje ein lyd. Ivar gikk sakte bortover marka, mens Nanna kjefta og bad. Ivar begynte å le, først stille, men så høgare og høgare. Til slutt høyrde han ho ikkje meir. Ho fekk som fortjent....






fredag 11. oktober 2013

"Titan"

Den gamle båten Jakob arva, var mest som eit vrak å rekne. Den var lekk, den låg lågt i vatnet, og den var tungmanøvrert. Når han hadde litt fisk i lasta, så tok båten nesten inn vatn over rekka. Motoren var heller ikkje noko å skryte av. Saktegående, og trengte stadig vekk reparasjon. Det var rett og slett eit slit å bruke båten, og han måtte være 100% skjerpa når han var ombord for å holde båten flytande og seg sjølv i livet. Han frykta at båtvraket ville bli hans bane.

Draumen var ein ny, moderne båt, men inntekta var låg, og utgiftane mange. Det var ikkje realistisk. Men plutseleg tok livet ei overraskande vending. Ein lottokupong han hadde levert, ga full uttelling. Fleire millionar inn på konto. Det var ikkje mykje tvil om kva dei pengane skulle gå til.

Nybåten var fin. Den hadde alt som tenkast kan av utstyr. Radar, ekkolodd, autopilot og alt tenkeleg sikkerhetsutstyr. Og motoren var sterk og driftssikker. Endelig skulle han kunne ferdast trygt på havet. Båten fikk navnet Titan.

Jomfruturen var i maksvær. Jakob sette kursen mot åpent farvann, sette på autopiloten, og gjekk inn i lugaren for å kvile litt på brisken.

Dei fann båten knust mot ei klippe. Jakob fann dei inne i lugaren, liggande livlaus på brisken. Etter alle desse slitsomme åra på den gamle usikre båten, skulle han berre slappe litt av....






onsdag 9. oktober 2013

"Fallet"

Jan-Olav var grusomt plaga med mareritt. Dei kom ofte, og etter kvart gikk det ut over heile livskvaliteten hannes. "Draumane tar livet av meg", sa han da han oppsøkte doktoren sin. Men sjølv om doktoren prøvde, kunne han ikkje hjelpe. Han fikk nokre piller som skulle gje han betre søvn, men draumane fortsatte. Det var same draumen kvar gang. Han drøymde at han fall og fall. Like før han traff bakken, vakna han søkke svett, kvalm og med vondt i hovudet. Til slutt søkte han hjelp hos ein psykolog. I tillegg til terapi, fekk han beskjed om å komme seg ut kvar dag og få trening og frisk luft.

Det var ein fjelltur som skulle få slutt på marerittane hannes. Han gjekk på ein fjellegg da plutseleg beina glapp under han. Han fall utfor eit stup. Han fall og fall, men no var han våken heilt til traff bakken, så sovna han draumlaust....






tirsdag 8. oktober 2013

"Vogga"

Dei var unge, men lykkelege. Dei skulle ha sitt første barn. Nokre dager før Gerda skulle føde sa Evald at Gerda måtte komme ned i snekkarrommet og se. Han hadde lagd ei vogge til ungen. Gerda såg lenge på vogga. Den såg på ingen måte trygg ut. Hennes unge skulle ikkje ligge i den. Men Evald insisterte. Ho måtte ikkje tøve, ungen skulle ligge der. Og som med eit under gikk det godt. Vogga holdt, og dattera deira, Ingebjørg, vaks opp og blei ei både sunn og fin jente. Snart var det ho som skulle ha barn, og Gerda og Evald skulle bli besteforeldre. "No skal mitt barn ligge i den vogga eg låg i når eg var baby", sa Ingebjørg. "Nei", sa Gerda, "det går ikkje bra to gongar". Men ingen høyrde på ho.

Ved eit Guds under gikk det bra også no, vogga holdt. Men når barnebarnet blei vaksen, og også ho begynte å snakke om at den vogga skulle hennar barn ha, bestemte Gerda seg for å ta affære. Den vogga skulle bort. Det hadde gått bra to gonger, men det kom ikkje til å gå bra ein tredje. Det var ho viss om. Gerda var gamal no, og vogga var tung. Men på eit forunderleg vis klarte ho å buksere vogga bort til bilen neste kveld når ingen såg. Den skulle på søppelfyllinga.

Dei fann ho neste morgon ved søppelfyllinga. Den gamle kroppen, og eit svakt hjarte, hadde ikkje tålt belastninga. Ho låg på ryggen med vogga over seg, men med eit smil om munnen. Det siste ho hadde tenkt før det svartna førr ho, var at ho hadde lyktes. Den vogga skulle ikkje få ta noko liv....




 
 
 

mandag 7. oktober 2013

"Naustet"

Jonas flytta til bygda i godt vaksen alder. Kor han kom frå og korleis liv han hadde levd var det ingen som visste. Det einaste han nemde nokon gongar var at han sov dårleg. Han hadde slik uro i kroppen. Men om han ikkje sa så mykje, så høyrde dei han desto meir. Det var stadig hamring og saging i det gamle naustet. Men det var ingen som visste kva han snekra.

Men ein dag blei det stille i naustet, og Jonas var ikkje å se. Etter nokre dagar tok dei seg inn hos Jonas. Dei fann han i naustet. Han hadde lagt seg i den mest forseggjorte kista nokon nokonsinne hadde sett. Der hadde kroppen hans endeleg funne ro...







søndag 6. oktober 2013

"Tåke"

Ove var gjest på hotellet, og skulle være der heile helga. Eva møtte han på bygdefesten på fredagskvelden. Ho var seksten, han var tjuetre. Han spurde om ho ville bli med han på hotellrommet, men ho sa nei. "Ikkje første kvelden, men vi kan møtest i morgon", sa ho, "Eg møter deg på halvvegen".

Dagen etter var det tåke. Ho gjekk han i møte, men han kom ikkje som avtalt. Det var berre ein moglegheit, tenkte Eva, Han måtte ha gått seg bort i tåka.

No seksti år etter, gjer Eva som ho alltid har gjort i alle desse åra. Ho går ut når tåka kjem. Ho går alltid mot hotellet. Han må jo være der i skodda eit sted. Ho lova å møte han på halvvegen og har ikkje tenkt å svikte.....







lørdag 5. oktober 2013

"Level 7"

"Tei stille", og "Hald kjeft" var dei orda Olav høyrde mest i oppveksten. Når han flytta på hybelhuset, hadde han lært. Han sa ikkje eit ord, sat berre på rommet med øreklokkane på og spelte dataspel. Når huset skulle rivest, var det ingen som tenkte på å varsle Olav. Dei fann han under stein og støv i ruinane. Han låg ved sida av datamaskinen med øreklokkane på. Han hadde nådd ein ny level...



 
 
 
 

fredag 4. oktober 2013

"Brillane"

Han klagde heile livet over at ingen såg han. Til slutt stilde han seg på gata utanfor optikeren i håp om å bli sett. Trikkeføraren såg han ikkje, og ironisk nok var det berre brillane som var heile etter påkjørselen....



 
 
 

"Mygga"

Myggstikket blei fatalt for unge Torleif. Han fekk ein allergisk reaksjon, og døde av hjertestopp. Dagen etter ankom hjartestartaren som dei hadde bestilt på postordre for å spare pengar.

Men mygga lot dei leve. Det hadde vore nok død der i huset...






"Olaug"

Olaug (82) såg utover havet. Men bestefar kom ikkje tilbake i kveld heller. Ho angra på det med bunnpluggen i båten hans for 70 år sia. Men kanskje han kjem i morra...






"Knok-Olav"

Isen har lagt seg på det bunnlause tjernet på Tromsøya. Under isen såg eg han "Knok-Olav" kjempe for å kome seg ut av tjernet slik han har gjort dei siste åra. Men heller ikkje i år lyktes han. Eg såg panikken i augnene hannes, mens neglane skrapte mot isen.

Slik har eg sett det når høsten kjem og isen legger seg kvart år. Sånn har det vore heilt siden eg dytta han uti tjernet for fem år sia, men det gjer ikkje noko, for eg liker det eg ser...