Då ho ein morgon merka at det var vanskeleg å komme gjennom døra frå soverommet, på grunn av den store kroppen, bestemde ho seg for å ta affære. Ho bestilte seg ein liten hund. Ikkje ein veskehund, men ein hund som måtte ut å gå kvar dag, og då måtte ho være med og lufte han.
Ho var spent den dagen hundekvalpen ankom. Den var kosete og skjønn, akkurat som på bildet. Ho gav den navnet "Pjolter", og bestemte seg for å feire med blautkake og nettopp ein pjolter. Det var ein rest av gårsdagens kake på kjøkkenet, og ny kake var bestilt.
Ho henta kaka, skjenka seg ein stor pjolter, og slang den enorme kroppen sin opp i sofaen. Det høyrtes eit høgt pip under ho, og så blei det både vått og varmt under rompa og ryggen hennes. "Pjolter" hadde krype opp i sofaen mens Astrid var på kjøkkenet, og det skulle bli det siste han gjorde....
Huff - herlig grotesk historie :-)
SvarSlett