onsdag 6. november 2013

"Trond"

Trond var det mange kallar uteligger. Han sov ute, og sleit med både alkohol og stoff. Draumen var å komme ut av kvardagen slik den var no, men han hadde ikkje mykje håp.

Noko var dog skjedd. For eit par dagar sia, hadde han funne ein ny soveplass. Ein heisekran var køyrd inn i byen, og den hadde ei "korg" som ting skulle ligge i når dei blei heisa opp. Denne korga var ei perfekt seng.

Ein morgon blei heisekrana tatt i bruk mens Trond enda sov. Han vakna høgt oppe i lufta. "Eg er på veg til paradis", tenkte Trond, da han vakna og kjende at han blei løfta høgare og høgare mot himmelen. Så rulla han over på sida for å se betre, og fall....









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar