fredag 29. november 2013

Stemmene i hovudet

Ho hadde hatt disse stemmene i hovudet i lang tid, og dei hadde plaga ho mykje. Ho hadde søkt hjelp hos lege, men fått beskjed om at det var heilt normalt. Alle hadde slike stemmer.

Det var stemmer som begrensa ho. Sa at det kunne ho ikkje gjøre. At det eine var umoralsk og at det andre var feil.

Men i dag var stemmene i hovudet borte. Endeleg fekk ho gjort det ho ønskte. I kjelleren låg hundens hovud i ein pose. Kroppen til hunden var endelig skilt frå det fæle oppsynet.

Ho kikka bort på mannen sin. Det kom ingen stemmer i hovudet hennes no heller....


 
 
 

tirsdag 19. november 2013

"Erna"

Ho pynta han ekstra i kveld før ho la seg. Ho klarte ikkje å få han i seng lengre, så han fikk overnatte i stolen som vanlig. I morra skulle dei få besøk...

Erna hadde bodd med Olav i snart 70 år. Dei siste tre månedene hadde han sotte i stolen urørleg. Huden kjentes kald. Men smilet var der som før. Enda betre, no var det der heile tida. I morgon skulle myndigheitene komme. Nokon naboar hadde klaga på lukt frå leiligheita.

Olav hadde lukta ille dei siste ukene, men no var han spraya godt med manneparfyme. Det var viktig at dei fikk godt inntrykk når dei kom. Dei skulle ikkje få ta Olav frå ho. Erna visste at ho ikkje kunne overleve åleine....






fredag 15. november 2013

"Sjakk"

Tore og Halvar spilte sjakk ein gong i måneden. Det hadde dei gjort i 50 år, og Tore vant alltid. Men denne gongen skulle Halvar vinne. Han hata å tape, og skulle sette Tore i sjakk matt. Brekknøttetreet han hadde tatt med heim frå India for mange år siden, var nå blitt stort, og produserte nok frø til ein dødelig dose stryknin. Og den hadde han blanda inn i whiskyen til Tore. Til kvart spill naut dei nemlig eit glass whisky.

Halvar satte whiskyglassene på plass, og dei begynte å spille. Halvar hadde kvitt, og starta med ei spansk åpning, men som vanlig fikk Tore raskt overtaket. Halvar var dog ikkje bekymra, for når dei hadde spilt ein time, skulle whiskyen drikkes. Slik gjorde dei det kvar gong dei spelte. Og da ville Tore bli utspelt. Halvar var så spent, at han måtte på do.

Tore, som i alle år hadde hatt mistanke om at hans whisky var vanna ut av Halvar, nytta no sjansen til å bytte whiskyglassa mens Halvar var opptatt med sitt. "To trekk til, så tar vi whiskypausen", sa Halvar då han var ferdig med å late vannet. Tore, som hadde gått på med "Marshall-angrepet", var i klar angrepsposisjon, men no skulle Halvar sørge for at han settes i sjakk matt for godt.

Så var whiskypausen endelig der, og dei løfta kvart sitt glass. "Skål", sa Halvar, og tok bånnski. "Det var ein underlig smak av den whiskyen", var det siste Halvar tenkte før han nok ein gong tapte, men no for aller siste gong....








onsdag 13. november 2013

"Pjolter"

Astrid var ein diva. Ho var enebarn og hadde arva mykje penger. Tidligare hadde ho jobba i teater, men no sat ho heime. Og ho var etter kvart blitt enormt stor. Ho var svak for godsaker som blei levert på døra kvar dag. Den einaste fysiske aktiviteten ho dreiv med, var turen frå senga på soverommet til sofaen i stua.

Då ho ein morgon merka at det var vanskeleg å komme gjennom døra frå soverommet, på grunn av den store kroppen, bestemde ho seg for å ta affære. Ho bestilte seg ein liten hund. Ikkje ein veskehund, men ein hund som måtte ut å gå kvar dag, og då måtte ho være med og lufte han.

Ho var spent den dagen hundekvalpen ankom. Den var kosete og skjønn, akkurat som på bildet. Ho gav den navnet "Pjolter", og bestemte seg for å feire med blautkake og nettopp ein pjolter. Det var ein rest av gårsdagens kake på kjøkkenet, og ny kake var bestilt.

Ho henta kaka, skjenka seg ein stor pjolter, og slang den enorme kroppen sin opp i sofaen. Det høyrtes eit høgt pip under ho, og så blei det både vått og varmt under rompa og ryggen hennes. "Pjolter" hadde krype opp i sofaen mens Astrid var på kjøkkenet, og det skulle bli det siste han gjorde....





onsdag 6. november 2013

"Trond"

Trond var det mange kallar uteligger. Han sov ute, og sleit med både alkohol og stoff. Draumen var å komme ut av kvardagen slik den var no, men han hadde ikkje mykje håp.

Noko var dog skjedd. For eit par dagar sia, hadde han funne ein ny soveplass. Ein heisekran var køyrd inn i byen, og den hadde ei "korg" som ting skulle ligge i når dei blei heisa opp. Denne korga var ei perfekt seng.

Ein morgon blei heisekrana tatt i bruk mens Trond enda sov. Han vakna høgt oppe i lufta. "Eg er på veg til paradis", tenkte Trond, da han vakna og kjende at han blei løfta høgare og høgare mot himmelen. Så rulla han over på sida for å se betre, og fall....









søndag 3. november 2013

"Død og kjærleik"

Han visste at grava i hagen ville bli oppdaga før eller seinare. Mens han venta, tråkka han på alt som var vakkert. Himmelen farga ho i alle Guds fargar, ellers var alt svart og kvitt.

Slik var det visst med død og kjærleik....