søndag 24. desember 2017

Maria og Jesus

Maria var 52 år gamal, full av lidenskap, men einslig og einsam. Ho bodde i ei lita bygd utanfor småbyen, og hadde aldri funne den rette. Men no hadde ho noko på gong. Ho hadde treft ein kar på verdensveven, og det var litt av ein mann. Ikkje berre var han spanande å chatte med, som dei kalla det, han var også ein vakker mann. Mørkhåra og latinsk utsjåande og opprinnelig frå Brasil. Han hadde lagt ut bilete av seg sjølv, og hette Jesus. På førmiddagen julaften skulle dei møtast for fyrste gong.

Maria køyrde fort på den smale og svingete vegen mot byen. Han sto sikkert allereie på torget i byen og venta på ho. Men då ho kom til torget var det ingen Jesus og se. Dei einaste som var der, var nokre tenåringsjenter som fnisa og lo. Ho var blitt lurt....

På veg heim tråkka ho hardt på gassen. Augane var fulle av tårer, og når ho kom til storsvingen var farta for stor. Ho klarte ikkje svingen, og køyrde rett inn i bergveggen. I mikrosekundet før ho krasja, rakk ho å tenke: "Så får eg vel møte Jesus i kveld likevel"....

lørdag 23. desember 2017

høg odds

Jon-Ivar var 43 år, bodde aleine, men hadde det veldig bra. Han hadde eit par store lidenskaper. Det var verdsrommet som tok det meste av hans tid. I tillegg spelte han på oddsen. Og no, på veslejulaften, kom ein av dei verkelig store augneblikka. Ein meteorstorm skulle passere, og det kom til å bli mange stjerneskot.

Det var berre eit problem, men det var til gjengjeld stort. Det var overskya, og vermeldinga var dårleg. Oddsen for å se noko i det heile tatt var ikkje god. Men han skulle ut, det kunne jo være at det letta eit minutt eller to.

Jon-Ivar sto og glana mot den overskya himmelen i fleire timer. Det siste han såg var eit voldsomt lysglimt, så blei alt mørkt. Sjansen for å treffast av ein meteoritt er 1:500.000.000.000.000, seiest det. Jon-Ivar blei offer for uvanleg høg odds....




fredag 22. desember 2017

"Pauline"

Heile livet strikka Pauline gensere til den komande kjæresten sin. Problemet var at ingen ville ha korkje  Pauline eller genserne hennar. Pauline blei gamal, og døde einslig. Hennar jordiske gods blei gitt til Kirkens Nødhjelp. No går 200 menn i Guinea-Bissau rundt med gensere strikka i kjærleikssorg....

Etterord: Den siste genseren ho strikka var den varmaste, mjukaste og mest slitesterke. For i den var det ei tåre i kvar maske...







fredag 27. desember 2013

Hjørdis

Hjørdis var begynt å bli gamal no, men ho hadde tatt godt vare på kroppen sin. Det sterkaste tegnet på alderdom, var at ho ikkje huska så godt lenger.

Hjørdis hadde ikkje lykkes med kjærleiken. Ho hadde i grunnen aldri hatt ein ordentlig date, før no.... Ho hadde blitt kjent med ein kar på internettet. Det var verdens mest sjarmerande mann, og no skulle han komme på julemiddag til ho. Ho var glad, og spent som ei ungjente. No skulle ho få mange gode år med ein livsledsager i livets haust. Ho hadde vaska, pynta, kokt og bakt, og no var alt klart. Men ho følte at det var noko viktig ho hadde gløymt. Noko svært viktig!

Eigil var akkurat så sjarmerande i live som han hadde vore på nettet. Dei hadde akkurat spist juletorsken, og no serverte ho dessertkaka. Det var Hjørdis spesialitet. Den inneholdt masse bær, nøtter og deilig krydder.

Eigil tok ein stor bit, så begynte han å hoste og spurde etter toalettet. Og der hadde han vore lenge no. Plutseleg kom Hjørdis på kva ho hadde gløymt. Eigil hadde jo fortalt at ho måtte unngå nøtter i maten. Han hadde nemlig dødeleg nøtteallergi....






fredag 29. november 2013

Stemmene i hovudet

Ho hadde hatt disse stemmene i hovudet i lang tid, og dei hadde plaga ho mykje. Ho hadde søkt hjelp hos lege, men fått beskjed om at det var heilt normalt. Alle hadde slike stemmer.

Det var stemmer som begrensa ho. Sa at det kunne ho ikkje gjøre. At det eine var umoralsk og at det andre var feil.

Men i dag var stemmene i hovudet borte. Endeleg fekk ho gjort det ho ønskte. I kjelleren låg hundens hovud i ein pose. Kroppen til hunden var endelig skilt frå det fæle oppsynet.

Ho kikka bort på mannen sin. Det kom ingen stemmer i hovudet hennes no heller....


 
 
 

tirsdag 19. november 2013

"Erna"

Ho pynta han ekstra i kveld før ho la seg. Ho klarte ikkje å få han i seng lengre, så han fikk overnatte i stolen som vanlig. I morra skulle dei få besøk...

Erna hadde bodd med Olav i snart 70 år. Dei siste tre månedene hadde han sotte i stolen urørleg. Huden kjentes kald. Men smilet var der som før. Enda betre, no var det der heile tida. I morgon skulle myndigheitene komme. Nokon naboar hadde klaga på lukt frå leiligheita.

Olav hadde lukta ille dei siste ukene, men no var han spraya godt med manneparfyme. Det var viktig at dei fikk godt inntrykk når dei kom. Dei skulle ikkje få ta Olav frå ho. Erna visste at ho ikkje kunne overleve åleine....






fredag 15. november 2013

"Sjakk"

Tore og Halvar spilte sjakk ein gong i måneden. Det hadde dei gjort i 50 år, og Tore vant alltid. Men denne gongen skulle Halvar vinne. Han hata å tape, og skulle sette Tore i sjakk matt. Brekknøttetreet han hadde tatt med heim frå India for mange år siden, var nå blitt stort, og produserte nok frø til ein dødelig dose stryknin. Og den hadde han blanda inn i whiskyen til Tore. Til kvart spill naut dei nemlig eit glass whisky.

Halvar satte whiskyglassene på plass, og dei begynte å spille. Halvar hadde kvitt, og starta med ei spansk åpning, men som vanlig fikk Tore raskt overtaket. Halvar var dog ikkje bekymra, for når dei hadde spilt ein time, skulle whiskyen drikkes. Slik gjorde dei det kvar gong dei spelte. Og da ville Tore bli utspelt. Halvar var så spent, at han måtte på do.

Tore, som i alle år hadde hatt mistanke om at hans whisky var vanna ut av Halvar, nytta no sjansen til å bytte whiskyglassa mens Halvar var opptatt med sitt. "To trekk til, så tar vi whiskypausen", sa Halvar då han var ferdig med å late vannet. Tore, som hadde gått på med "Marshall-angrepet", var i klar angrepsposisjon, men no skulle Halvar sørge for at han settes i sjakk matt for godt.

Så var whiskypausen endelig der, og dei løfta kvart sitt glass. "Skål", sa Halvar, og tok bånnski. "Det var ein underlig smak av den whiskyen", var det siste Halvar tenkte før han nok ein gong tapte, men no for aller siste gong....