Maria var 52 år gamal, full av lidenskap, men einslig og einsam. Ho bodde i ei lita bygd utanfor småbyen, og hadde aldri funne den rette. Men no hadde ho noko på gong. Ho hadde treft ein kar på verdensveven, og det var litt av ein mann. Ikkje berre var han spanande å chatte med, som dei kalla det, han var også ein vakker mann. Mørkhåra og latinsk utsjåande og opprinnelig frå Brasil. Han hadde lagt ut bilete av seg sjølv, og hette Jesus. På førmiddagen julaften skulle dei møtast for fyrste gong.
Maria køyrde fort på den smale og svingete vegen mot byen. Han sto sikkert allereie på torget i byen og venta på ho. Men då ho kom til torget var det ingen Jesus og se. Dei einaste som var der, var nokre tenåringsjenter som fnisa og lo. Ho var blitt lurt....
På veg heim tråkka ho hardt på gassen. Augane var fulle av tårer, og når ho kom til storsvingen var farta for stor. Ho klarte ikkje svingen, og køyrde rett inn i bergveggen. I mikrosekundet før ho krasja, rakk ho å tenke: "Så får eg vel møte Jesus i kveld likevel"....
søndag 24. desember 2017
lørdag 23. desember 2017
høg odds
Jon-Ivar var 43 år, bodde aleine, men hadde det veldig bra. Han hadde eit par store lidenskaper. Det var verdsrommet som tok det meste av hans tid. I tillegg spelte han på oddsen. Og no, på veslejulaften, kom ein av dei verkelig store augneblikka. Ein meteorstorm skulle passere, og det kom til å bli mange stjerneskot.
Det var berre eit problem, men det var til gjengjeld stort. Det var overskya, og vermeldinga var dårleg. Oddsen for å se noko i det heile tatt var ikkje god. Men han skulle ut, det kunne jo være at det letta eit minutt eller to.
Jon-Ivar sto og glana mot den overskya himmelen i fleire timer. Det siste han såg var eit voldsomt lysglimt, så blei alt mørkt. Sjansen for å treffast av ein meteoritt er 1:500.000.000.000.000, seiest det. Jon-Ivar blei offer for uvanleg høg odds....
fredag 22. desember 2017
"Pauline"
Heile livet strikka Pauline gensere til den komande kjæresten sin. Problemet var at ingen ville ha korkje Pauline eller genserne hennar. Pauline blei gamal, og døde einslig. Hennar jordiske gods blei gitt til Kirkens Nødhjelp. No går 200 menn i Guinea-Bissau rundt med gensere strikka i kjærleikssorg....
Etterord: Den siste genseren ho strikka var den varmaste, mjukaste og mest slitesterke. For i den var det ei tåre i kvar maske...
Etterord: Den siste genseren ho strikka var den varmaste, mjukaste og mest slitesterke. For i den var det ei tåre i kvar maske...
Abonner på:
Innlegg (Atom)